Følg oss på Facebook 404 38 052
Besøksadr: Leirvikflaten 3, 5179 Godvik, 3.etg. Postadresse: PB 2409 Drotningsvik, 5834 Bergen

Siste nytt om koronaviruset

Siste nytt om koronaviruset

Oppdatert info om korona-pandemien, som er relevant for innbyggarar og tilsette i Vestland. Sist oppdatert 17. mars med nytt til lærlingar, privatistar m.m.

viruspanorama.jpg

Vestland fylkeskommune vurderer situasjonen rundt koronaviruset fortløpande. Vi oppdaterer internett og intranett i henhald til utbrotets utvikling, avgjersler frå fylkesrådmannen og råda frå nasjonale helsemyndighetar. 

Vi oppfordrar alle til å halde seg oppdatert og følgje nasjonale råd og føringar:

Info til elevar i vgs

Lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidater

Alle fag- og sveineprøvar er utsette

Vestland fylkeskommune har 16. mars vedteke å utsette alle fag- og sveineprøvar inntil vidare.  Dette kan bety at du ikkje får avlagt prøven før læretida er slutt.

Bedrifta skal legge til rette for at du skal få ta prøven seinare. Det er også mogleg  å forlenge læretida di etter avtale med bedrifta.

Kontrakten blir forlenga om du blir permittert eller sjukemeld

På grunn av den spesielle situasjonen som er no, kan bedrifter kan permittere lærlingar og lærekandidatar mellombels.

Om du blir permittert, skal du få skriftleg varsel og god informasjon frå bedrifta di.

Når bedrifta har bestemt at du skal permitterast, skal dei melde frå til Vestland fylkeskommune. Om du blir permittert lenger enn 2 veker, registrer vi avbrot og forlenger kontrakten din. Det same gjeld om du blir sjukemeld meir enn 2 veker.

Du kan søkje om dagpengar om du er permittert

Dersom du er permittert og skal søkje om dagpengar, må du registrere som arbeidssøkjar hos NAV og legge ved permitteringsvarselet du har mottatt.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon og lenker til NAV på denne sida: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/laerling/larlingar-og-korona/

 

Utdanningsdirektoratet skriv på sine sider 13. mars:

«Lærlinger skal følge bedriftens rutiner. Ved midlertidig permittering som følge av korona må lærlingene få forlenget læretiden før de kan gå opp til fag- og svenneprøve.

Dersom fag- og svenneprøven, praksisbrevprøven og kompetanseprøven ikke kan gå som planlagt i tiden fremover, må lærebedriftene legge til rette for at prøven kan avlegges på et senere i tidspunkt. I slike tilfeller anbefaler vi at lærekontrakten/opplæringskontrakten utvides, og at det settes en ny sluttdato som fylkeskommunen godkjenner. Det samme vil gjelde kandidater for fagbrev på jobb.»

Er du privatist?

Info om kollektiv frå Skyss / Kringom

Vi stenger fylkesbygga

All ordinær tannbehandling avlyst

Karriererettleing kun på telefon og video

Avlyser alle kurs, konferansar og arrangement

Har du vore i utlandet?