Eit nytt og heilt spesielt opplæringskontor hjelper ungdom som treng ekstra tilrettelegging til å fullføra ei fagutdanning.
Mange ungdomar slit med dei teoretiske faga i vidaregåande skule. Dei kan vera flinke med praktiske fag, men mister motivasjonen med all teorien og får vanskar med å fullføra, seier Ole J. Opkvitne.
Han jobbar til vanleg i arbeidsmarknadsbedrifta Kveik på Voss, men er for tida frikjøpt, for å byggja opp Opplæringskontoret AMB saman med May-Lill Torsvik frå Beredt i Bergen.
http://www.avisa-hordaland.no/nyhende/hankar-inn-ungdom-fr-dei-droppar-ut&loggedin=1